Steikeost frå Hardanger Bygdeysteri er eit reint naturprodukt som inneheld kun kortreist kumjølk og salt.
Rik på protein er osten eit ypparleg alternativ til kjøt.
Har du fyrst smakt han, kan du bli hekta.


Finn ut kvar du kan få tak i osten
her!

Her finn du gode oppskrifter på korleis du kan bruka steikeosten vår.
Håpar du scrollar, blir inspirert og lagar deilig mat!

Del gjerne dine eigne steikeostrettar på Instagram med emneknaggen #SteikeGodSteikeost.

VÅRE OPPSKRIFTER MED STEIKEOST

STEIKE GODE TIPS

Med Steikeost i kjøleskapet er du alltid berre nokre minutt unna ein smakfull matrett – ypperleg til både kvardag og fest! Nokre av fordelane steikeosten har:

Perfekt gyllenfarge: Steik Steikeost på middels varme i ei tørr panne til den får ein gyllen og sprø overflate og ei mjuk, saftig kjerne.

Lett marinering: Steikeost tar lett til seg smak. Prøv å marinera han i olivenolje, sitron, kvitløk og urter i 30 minutt før steiking for ein smakfull vri.

Rik på protein: Steikeost er ein utmerkt erstatning for kjøt i vegetarrettar, som burger, på grillspyd eller i wraps. Osten gjev både protein og tekstur til måltidet.

Toler høg varme: Denne osten smeltar ikkje, så prøv han på grillen, i ovnen eller steik han direkte på bålet for ein spanande røykesmak.

Kombiner med søtt: Steikeost sin salte smak balanserer fint med søte ingrediensar som honning, fiken eller karamelliserte nøtter – han er nydeleg i salatar eller som dessert.

Frys ned restar: Steikeost toler godt å frysast og er god etter opptining. Frys han i skiver eller heile stykke.

følg oss

Me håpar at du har funne inspirasjon til nye og spanande måtar å nytta Steikeost på.
Følg oss gjerne i sosiale medium for fleire oppskrifter, nyhende og innblikk i vårt daglege arbeid i ysteriet!