“Eit framifrå samlingslokale, der du hentar energi og inspirasjon frå norsk bygdehistorie og omgjevnader med særpreg – noko som skapar engasjement og fellesskap!”











Før var Skummesalen hjarta til meieriet.
Her vart mjølk pumpa inn, skumma og fordelt vidare.
No er meieriet vorte til Mathuset, og Skummesalen er blitt møteplass for mangt
– med lokal mat og drikke i fokus.
Lokalet kan leigast til alle sortar samkomer, og er ein ypparleg stad å gje folka dine ein ekstra piff og eit avbrekk!
Skummesalen er like godt eigna til møte og kurs som til bursdagsfeiring og konfirmasjon.
Her er plass til 70, projektor og lydanlegg, og fleksibel møblering og lyssetjing.
Skummesalen kan tilby enkel servering og har skjenkeløyve.
Me tilbyd både smaks- og lunsjmeny, og fortel deg gjerne historia vår medan du
smakar deg gjennom eit utval av ostar frå Hardanger Bygdeysteri, og diverse ølsortar frå Hardanger Bryggeri.
Ynskjer du meir informasjon eller å leiga Skummesalen?
Ta kontakt med Marit på post@hardangerbygdeysteri.no.
våre smaksopplevingar:
-
Hardanger Bygdeysteri og Hardanger Bryggeri presenterer seg og fortel om Skummesalen, produkta sine og historia bak dei.
Øl og ost vert servert samstundes.
OSTEMENY
STEIKEOSTBLINGS – steikt naturell Steikeost, salat og sylta raudløk, toppa med balsamico.
SMAKSPRØVAR på ulike typar Steikeost.
KITTMODNA, LAGRA KVITOST eller annan lagra ost, servert med plommesyltetøy frå Hardanger.
RICOTTAKREM med heimelaga, frisk ripsgele.
ØLMENY:
Smaksprøvar av fire typar øl frå Hardanger Bryggeri, serverte i 0,15 cl-glas på planke. Utvalet kan variera, men er vanlegvis følgjande:
PILSNER
BLONDE ALE
SVART LAGER
INDIA PALE ALE
Pris: kr. 490,- per person. Minimumspris for gruppe: kr. 6.000,-
-
OSTEMENY
STEIKEOSTBLINGS – steikt naturell Steikeost, salat og sylta raudløk, toppa med balsamico.
SMAKSPRØVAR på ulike typar Steikeost.
KITTMODNA, LAGRA KVITOST eller annan lagra ost, servert med plommesyltetøy frå Hardanger.
RICOTTAKREM med heimelaga, frisk ripsgele.
2 glas à 10 cl med sider frå Hardanger.
Pris: kr. 390,- per person.
Minimumspris for gruppe: kr. 4.000,-
-
OSTEMENY
STEIKEOSTBLINGS – steikt naturell Steikeost, salat og sylta raudløk, toppa med balsamico.
SMAKSPRØVAR på ulike typar Steikeost.
KITTMODNA, LAGRA KVITOST eller annan lagra ost, servert med plommesyltetøy frå Hardanger.
RICOTTAKREM med heimelaga, frisk ripsgele.
2 glas med Dyrebare dropar frå Breievne Gard, lokal frukt- og bærdrikke.
Pris: kr. 350,- per person.
Minimumspris for gruppe: kr. 4.000,-
tilbakemeldingar
frå gjester
“Skummesalen er eit framifrå samlingslokale, der du hentar energi og inspirasjon frå norsk bygdehistorie og omgjevnader med særpreg – noko som skapar engasjement og fellesskap.
Det er akkurat det kvar einaste bedrift treng for å tenkje nytt og leggje grunnlaget for gode prestasjonar framover!
Kjell Morten Brendøy, Vossabia AS,