Hardanger Bygdeysteri er eigd og drive av lokale mjølkebønder frå Hardanger.
Ysteriet er spesialist på steikeost, ein ost inspirert av den kypriotiske osten halloumi.
Bønder frå 13 gardar etablerte Hardanger Bygdeysteri
i 2019 då Tine avvikla sin produksjon i meieriet i sentrum av Øystese.
Meieribygget vart til Mathuset i Hardanger, som i dag husar Hardanger bygdeysteri sin osteproduksjon.
Mjølka har kort reiseveg frå gardane ikring, og vert gjort om til steikeost i eit moderne ysteri.
Mathuset rommar også Hardanger Bryggeri og ein lokal gardsmatbutikk.
Hardanger Bygdeysteri produserer tre variantar av steikeost: Original, røykt og chili.
Tips og inspirasjon til korleis du kan bruka steikeosten, finn du her.