Kyllingsalat med Steikeost

6 hermetiske mandarin- eller appelsinfiletar
5 stenger av stangselleri 
50 g mandlar
400 g kyllingbryst frå Homlagarden
4 ss majones
3 sikori
200 g Steikeost
1 neve fersk koriander
Eit par dropar Tabasco

Del kyllingbrysta i terningar og steik dei med salt og pepper. Del selleristengene i like store terningar og ha dei i kokande vatn i 30 sekund. Avkjøl i ein stor bolle før du har i kyllingfileten. Tørk mandarinane lett i litt kjøkenpapir og bland dei med resten. Rist mandlar i ei tørr steikepanne.
Steik osten i terningar i ein god klatt med smør. Bland alt saman og server saman med din heimelaga dressing. Smak til majones med finhakka koriander og tabascosaus. 

 Oppskrift av Mariusz Marczak v/Hardangerfjord Hotel