Steikeostburger
med ananas
Hamburgerbrød
200 g Steikeost
2 stk ananas-skiver
Ajvar (paprikapasta, kjøpt eller heimelaga)
Salatblad
Sennep
Majones
Olivenolja
Sylta raudløk
Legg dei skrella ananas-skivene på varm steikepanne og steik i ca 7 minutt på kvar side. Skjer osten i skiver ca 0,7 cm tjukke.
Varm opp steikepanna, hell olivenolja over og legg på steikeostskivene.
Steik skivene ca. 2 minutt over middels varme til osten er bruna på undersida. Snu han med ein steikespade og grill han tilsvarande på andre sida.
Brun brødet svakt i steikepanna. Pensla den øvste halvdelen med sennep, den nederste med eit tjukkare lag med ajvar blanda med ei teskei majones (du kan og krydra med chili).
På nederste delen av brødet legg du salatblad, ananas, eldost og sylta raud løk.