Ysteriet vårt held til i Mathuset Hardanger, tidlegare Tine Meierier sine lokale, midt i Øystese sentrum.

Mjølka reiser 4 km frå gardstunet til ystekaret.

Ystekaret vårt rommar 2200 liter, og kan produsere rundt 200 kg ost pr ysting. Tommelfingerregelen er med andre ord at av 10liter mjølk får du 1 kg ost.

Den fyrste osten me har laga er ein halloumi-type me har kalla Hardanger Steikeost, som er ein ost ein skal steike eller grille.

Steikeost vert vakumpakka, og ein kan ete den dagen etter den er produsert. Les meir om osten og oppskrifter her på sida vår.

Torkel er bonde og vår sjefsystar. Han ystar kun på dagsfersk rå mjølk. Kvaliteten på mjølka kjenner han godt, for den kjem ofte frå hans eigen gard. Han har ystekurs frå Aurland og lærer fort.

 

Ingvil er ysteassistent. Ho har utdanning innan biologi og næringsmiddel, jobbar med vin, er glad i god mat og trivest med praktisk arbeid i ysteriet.

 

Innimellom produksjon av Hardanger Steikeost prøver ystarane seg fram med andre ostar. Dette er vår fyrste fastost som vart ysta i november 2021. Enno har me ikkje andre produkt i produksjon for sal. Målet vårt er å få fleire gode ostar i porteføljen, men det tek tid å yste fram ein skikkeleg god ost.