Å vera bonde i Hardanger er å produsere mjølk i samspel med naturen. Fjordlandskapet skiftar drakt fire gongar i året, og livet til bonden fylgjer årstidene.

Frå den travle og muntre våronna, arbeidet som førebur sommaren; Sjå over og reparere gjerda før dyra slepp ut på beite, gjødsla og så teigar for å få god avling,

Sommaren er hektisk og mangfoldig. Det er kyr på beite, og kyr i tunet.

Det er lange dagar og kveldar på traktoren i førsteslåtten, til lukta av nyslått gras.

Det er gleda når håslåtten er i hus og fòr gjennom vinteren er sikra før regnet kom.

Og når dei siste dyra er inne att etter beitesessongen, då senkar roen seg over bøndene i Hardanger.

Hausten gjev mørkare kveldar og kaldare dagar, men i floren går alt sin vante gang, og nye kalvar kjem til.

Slåmaskiner og høyvogner skal reparerast før vinterlagring. Og når snøen har lagt seg over bakkar og teigar, er det tid for ein tur i skogen for å hente material til ei vøle, eller ved for neste vinter.

Vinteren er ei rolegare årstid på gardane. Men, når sola stig på himmelen att, snøen smeltar, og ei ny våronn er rundt hjørne, då kriblar det i Hardangerbøndene.