Asparges og Steikeost

12 stk grøne asparges
200 gram Steikeost
4 ss appelsinsyltetøy
1/2 sitron
Nykverna pepar
Fersk mynte

Brekk av og kast dei harde rotendane av aspargesen. Fyll 0,5 l vann + 1 ss smør og 0,5 ts salt i ein kjele. Kok opp. Ha i aspargesen og la den koka i 1,5 minutt. Ta dei over i ein sil og hell kaldt vatn over. Skjær osten i rektangulære bitar ca 4 cm lengde x 0,7 cm tjukke. Skjær aspargesen til same lengde. Lag appelsinsausen ved å varma syltetøy og sitron i ein kjele i ca 1 minutt. Steik på ei vanleg steikjepanne på høg varme i ca 2 minuttar. Steikeosten skal bli ljos brun. Snu undervegs. Legg på tallerk Smak til med nykverna pepar, pynt med fersk mynte og hell appelsinsausen over. 

Oppskrift av Mariusz Marczak v/Hardangerfjord Hotel

 

Steikeostburger med ananas

Hamburgerbrød
200 g Steikeost  
2 stk ananas-skiver
Ajvar (paprikapasta, kjøpt eller heimelaga) 
Salatblad
Sennep 
Majones 
Olivenolja
Sylta raudløk

Legg dei skrella ananas-skivene på varm steikepanne og steik i ca 7 minutt på kvar side. Skjær osten i skiver ca 0,7 cm tjukke. Varm opp steikepanna, hell olivenolja over og legg på eldostskivene. Steik skivene ca. 2 minutt over middels varme til osten er bruna på undersida.  Snu den med ein steikespade og grill tilsvarande på andre sida.  Brød: Brun brødet svakt i steikepanna. Pensla den øvste halvdelen med sennep, den nederste med et tjukkare lag med ajvar blanda med ei teskei majones (du kan og krydra med chili). På nederste delen av brødet legg du salatblad, ananas, eldost og sylta raud løk. 

 
 

Pizza med Steikeost

Tomatsaus
Tine Norsk Cheddar
Tine Norvegia
Steikeost i skiver
Ruccolasalat

Lag ein god deig, ikkje for tjukk. Bruk din favoritt tomatsaus, og legg på riven Norvegia og Cheddar, og topp med tynne skiver av Steikeost. Steik i omnen, og legg på ruccolasalat til slutt. Topp evt med rista pinjekjerner.

 
 

Spinat og jordbærsalat med Steikeost

2 handfuller spinat 
300 g jordbær 
200 g Steikeost 
6 ss mandelflak 
2 cm fersk ingefær 
1 spiseskei honning
2 ss ekstra virgin olivenolje 
1 spiseskei sitronsaft 

Skol spinaten, tørk, kutt i bitar og legg på fat. Skol og tørk jordbæra og del dei i to. Bland jordbær og spinat. Skjær osten i skiver ca 0,7 cm tjukke. Varm opp steikepanna, hell olivenolja over og legg på eldostskivene. Steik skivene ca. 2 minutt over middels varme til osten er bruna på undersida.  Snu den med ein steikespade og grill tilsvarande på hi sida. 

Bland saman reven ingefær, honning, olivenolje og sitronsaft i ein liten bolle. Smak til med ei klype salt og pepper. Hell blandinga over salaten. Dryss bruna mandelflak på toppen. Nyt saman med nysteikt eldost.

Oppskrift av Mariusz Marczak v/Hardangerfjord Hotel

 
 

Sprøsteikt Steikeost til tapas

Steikeost
Olivenolja
Pepper
Honning el plommesyltetøy

Skjær osten i tynne skvier. Legg skivene på bakepapir på plate eller rist. Pensle med litt olje og krydre med pepper. Steik osten sprø i steikeomn på varmluft med grill i 15-20 min. Legg på rist til avkjøling. Server saman med resten av tapasmåltidet, og gjerne med noko søtt som honning eller plommesyltetøy attåt.

 
 

Nachosblings med Steikeost

Brød
Salsa
Steikeost
Sylta raudløk
Nachos chips
Lettrømme
Majones
Kvitløk

Steik brød på panna saman med osten. Finhakk kvitløk og bland den med 2/3 lettrømme og 1/3 majones. Smak til med salt, pepper og sukker. Smør rømmedressing på nederste skive. Legg på nachoschips, salsa, steikt ost og avslutt med sylta raudløk før du legg på den siste brødskiva.

 
 

Steikeost til lunsj

Steikeost
Rista brød
Egg
Grønsaker/frukt

Steikeost høver godt til både lunsj og kvelds på ei rista brødskive og med valfritt tilbehør av grønsaker eller frukt. Osten er fort gjort å steike, og tek brødmåltidet til nye høgder. Nytt gjerne rømme, din favorittdressing eller krema balsamico til.

 
 

Kyllingsalat med Steikeost

6 stk hermetiske mandarin- eller appelsinfiletar
5 stk stenger av stangselleri 
50g mandlar
400 g kyllingbryst frå Homlagarden
4 ss majones
3 stk sikori
200 gr Steikeost
1 neve fersk koriander
Eit par dråpar Tabasco

Del kyllingbrysta i terningar og steik dei med salt og pepar. Del selleristengene i like store terningar og ha dei i kokande vatn i 30 sekundar. Avkjøl i ein stor bolle før du har i kyllingfileten. Tørk mandarina lett i litt kjøkenpapir og bland saman med resten. Rist mandlar i ei tørr steikepanne.
Steik osten i terningar i ein god klatt med smør. Bland alt saman og server saman med din heimelaga dressing. Smak til majones med finhakka koriander og tabascosaus. 

 Oppskrift av Mariusz Marczak v/Hardangerfjord Hotel

 
 

Skive med Steikeost og raudløk

Rista brød
Rømme eller smør
Salatblad
Steikte osteskiver
Sylta raudløk
Agurk
Krema balsamico

Rett som er enkel å lage på kort tid, og smakar like godt til lunsj som til kvelds. Prøv variasjonar med til dømes surdeigsbrød, eller eige heimelaga brød. Denne passar og supert i hamburgerbrød.

 
 

Steikeostburger med pesto og spirer

Rista brød eller hamburgerbrød
Salatblad
Raud tomatpesto
Majones
Avocado
Steikte osteskiver
Spirer

God variant av vegetar hamburger som er rask å lage. Bland majones og tomatpesto og smør på topp og bunn. Legg deretter på salatblad, steikt ost, avocado og til sist spirer.

 
 

Grilla Steikeost

Del osten i skiver,
steik eller grill, og nytt
valfritt tilbehør.
Osten kan og smakstilsetjast
med krydder, grillolje, honning, el anna.