Hardanger Bygdeysteri er eit nystarta ysteri i Øystese, eigd og drive av lokale bønder.

Mjølkebønder frå 13 gardar skipa eige ysteri i det tidlegare meieriet i Øystese då Tine i 2019 avvikla produksjonen i Hardanger. 131 år med meierihistorie får halda fram. Meieribygget er blitt til Mathuset Hardanger og husar både ysteri, bryggeri og gardsmatbutikk.

Me starta med eit stort lokale, eit digert ystekar, men ingen ost.

Heldigvis har me har nevenyttige eigarar, ein ivrig prosjektleiar og ein driftig bonde som ville på ystekurs. Og ikkje minst så har me verdas beste mjølk!

 

Cato Haaheim Kjosås og Torkel Hovland. Foto: Hordaland Folkeblad.

 

14.August 2021 lanserte ysteriet sin første ost utanfor Mathuset i Øystese! Her var mykje folk, god stemning, og Steikeosten fall i smak!

 
 

Logoen vår


Logoen vår er skapt med dette i tankane : Den runde osteforma. Namnet vårt. Hardanger, landskapet som er grunnlaget for bøndene sin produksjon. Kulturlandskapet som vart opparbeida av generasjonar før oss. Den raude låven, sjølve symbolet på Vestlandsbruket.

Me ynskjer å lage skikkeleg god ost, og å fortelje litt om bonden i Hardanger og lokal osteproduskjon.

Fylg oss gjerne i sosiale media; facebook og instagram.