No vert mjølk produsert på gardar oppunder bratte fjell og ved fjordnære tun omgjort til smakar av Hardanger.

Hardanger Steikeost

Ein ost inspirert av den kypriotiske osten halloumi. Del i skiver og steik eller grill. Den smeltar ikkje, men får ein mjuk konsistens. Høver godt til mangt, mellom anna burger, salat, tapas eller til pizza. Osten er proteinrik og kan nyttast som eit alternativ til kjøt. For fleire tips til bruksområder, sjå Oppskrifter her på sida vår. Eller søk etter oppskrifter til halloumi. Osten kjem i tre varianter: Original, røykt og chili.

Ingrediensar: Kumjølk, salt, syrekultur, mikrobiell løype. Osten er varma i myse. Lagrast kjøleg 0-4 grader. Kan frysast i 3 mnd. Skal steikast før bruk. 230g.

Næringsinnhald pr 100g. 1204 KJ/290 kcal, 21,9g fett, 0,9g karbohydrat, 22,3g protein, 2,5g salt. Osten er varma til 72 C i myse.